Personleg

Tenk det: Ny blogg!

Tema som bærekraft, handverk og gjenbruk engasjerer både meg og mange andre. Når eg no lanserer Skaperrom, håper eg det kan gi små doser inspirasjon til å lage kreative og grønne rom i kvardagen.

Hei! Her er eg!

I Skaperrom kan du bli inspirert til:

  • Å lage noko med hendene. Enten det er å strikke, å sy, å male, snekre eller andre handverksaktivitetar.
  • Å gjenbruke i staden for å kjøpe nytt.
  • Å så, dyrke og plante – slik at det blir grønt rundt deg, både inne og ute.
  • Å bruke nærområdet der du bur, både til kortreist ferie og til kvardagsekspedisjonar.
  • Å ta seg tid til å lage god mat og drikke.
  • Og ikkje minst: Å gjere ting saman. Med vener. Med familie. Med kjærasten.
Å lage sjølv betyr at ein ser kor mykje tid som går med til å lage alt vi eig – og gjer at vi set større pris på kvalitet, og tek betre vare på tinga våre.

For ikkje å gløyme kvardagslyx!

Bloggane og eg sjølv liker og set pris på er gjerne gode på å vise små kvardagsglimt av luksus.

Eit varmt badekar, ein ekstra fin kopp frå loppis, eit velfortjent vinglass midt oppi kjøkkenrotet ein heilt vanleg onsdag, den gøymde bålplassen i skogen. Personlege glimt som gjer det lettare å hugse på at ein faktisk kan la klesvasken ligge og tappe i badekaret i staden, eller at det kan vere fint å gå ein tur sjølv om det regner.

Slike små glimt har eg lyst til å dele i Skaperrom også, og på Instagram kjem hashtaggen #kvardagslyx til å komme i bruk ganske snart. Kanskje kan vi inspirere kvarandre til dei små, velfortjente pausene?

Joda, det er mulig bloggens tid er over og at dette kjem på heeeilt feil tidspunkt.

Men vi prøver! Og eg håper du vil henge med!

»

2 COMMENTS

  • Milla

    Jaaa! Gratulerer med ny blogg, jeg gleder meg til å følge!

    • Ingvild
      AUTHOR

      Takk, snille! Så kjekt å høyre!

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *