Personleg

Sommarplaner

Det kitlar alltid litt i magen når vi legg planer for sommaren. På våren verkar det alltid som om sommaren kjem til å bli endelaus, og full av lys og fine ting. Slik blir det jo sjeldan, men her er noko av det eg håper at kjem til å skje i sommar:

Vi starter ferien med ein tur til Gotland. Eg gler meg til å utforske øya med familien, og til å bu på det som ser ut som verdas finaste Airbnb.

Nesodden ❤️

Å bu på Nesodden er å bu i sommarland, og vi prøver alltid å ha nokre veker heime i ferien. Eg gler meg til lange badedagar på stranda, blåbærplukking i skogen, kveldar i den vesle hagen vår etter at sola har gått ned. Og is. I sommar vil eg prøve å ta ismaskina vår meir i bruk, og eg gler meg til sorbet av bringebær, jordbær og appelsin.

Eg er ikkje spesielt flink til å sy, men eg kan handtere ei symaskin, og resten finn eg stort sett ut av. Og forhåpentlegvis blir det sydd sommarplagg hos meg i ferien.

På skaperfronten har eg veldig lyst til å sy litt meir i sommar. Eg har digre skuffer fulle av stoff frå loppis, og har planer om å sy både sommarkjolar til meg sjølv og husets storesøster, puter og eit quilt til hagestolane, og kanskje sengetøy til lillebror.

Toscana, Paris, Island, Berlin, Nice… Utlandet fristar meg alltid veldig når eg legg ferieplaner. Då må eg minne meg sjølv på at vi har dette, her i Norge. Og at eg blir like glad kvar gang vi reiser kort i staden for langt. Her frå hyttetur i Aurland i Sogn.

Ein tur til Vestlandet blir det også, både til høgfjell og fjord i Sogn og ut til øya ytterst vest i havet. Eg satser på at vi kan koke krabber i fjæra, kanskje lage hylleblomstsaft, padle kveldsturar i kajak og sove med vestlandsk regn på taket. Og så drømmer eg om å sykle Rallarvegen frå Finse til Flåm igjen, men vi får sjå om det finst barnevakter å oppdrive.

I fjor kunne vi padle på kjærestetur i kajak ut mot havet heilt fram til midnatt. Pliiis la det bli nokre slike dagar i år også!

Teltturane vi har hatt på Nesodden dei sistre somrane har vore blant feriens finaste minner. Eg håper vi får til telttur i år også.

To år på rad har den samme gjengen reist på kortreist telttur saman. Det er like fint kvar gang, både for barna og oss voksne. I fjor var vi på øya Steilene like utanfor Nesodden.

Dei siste somrane – faktisk dei siste 5 sidan vi flytta frå Oslo til Nesodden – har vi hatt større eller mindre prosjekt på gang i huset. I år har vi for første gang unnagjort veldig mykje, og ingenting haster å få gjort. Det er litt deilig. Skulle vi bli rastlause (for vi er trass alt ganske glade i å ha prosjekt på gang), manglar vi ein mur nederst i skråninghagen vår. Naboen har donert stein frå hagen sin, så om vi får ånden over oss, kan det hende vi set i gang med lemping og muring og graving. Eller så kan det hende vi tek eit glass med bobler eller ein kopp te og venter med muren til neste sommar. Den haster ikkje.

Det beste med å ha hage er å berre sitte i den og sjå på plantene og humlene og sommarfuglane. Det er noko av det finaste eg veit.

Kva gler du deg mest til å gjere i sommar? Har du ein fin plass du skal reise til? Eller noko du gler deg til å få tid til når ferien kjem? Del gjerne!

«

»

2 COMMENTS

  • Malin

    Fin blog! Håper vi får til telttur i år også!

    • Ingvild
      AUTHOR

      Takk for det, Malin! Teltturar har liksom blitt litt familieluksus for oss dei siste åra (sjølv om lillebror legg ein demper på stemninga med å stå opp klokka seks). Det gir skikkelig feriefølelse, sjølv om vi berre har telta maks ein halvtime heimefrå.

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *