Bruktkjøp

Sommarferiens bruktkjøp

Eg kan motstå det meste. Bortsett frå bruktbutikkar.

Her er kva eg fann i bruktbutikkane vi stoppa innom på veg til sommarferie på vestlandet.

Til sommarens frukostar:

Eg har eit svakt punkt når det kjem til blåmønstra, gammalt porselen. Desse to fekk eg for 25 kr på bruktbutikken i Sogndal.

Til julemiddagen:

Store, klassiske serveringsfat er eg alltid på utkikk etter. Dette frå Stavangerflint blei mitt for 50 kr på brukbutikken i Førde.

Får aldri nok gamle glasskrukker:

Slike glass bruker eg både til tørrvarer i skap og skuffer og til blomstervaser. Like fine til begge deler. Funne på bruktbutikken i Førde for 20 kr.

Barndommens sommarfat:

I sommarhuset i Askvoll åt vi frå slike fat kvar sommar heile barndommen min. Langs vegen utanfor Gol (i retning Hemsedal) kom eg over to stk for 40 kr i ein liten bruktbutikk i vegkanten.

Handlaga tresleiver:

Så fine! Kjøpt på Fretex på Gol. Hugsar ikkje prisen.

Keramikk-krukke til ei heldig plante:

På bruktbutikken i Førde fann eg denne handlaga keramikk-krukka for 20 kr. Skal finne ein fin stikling som skal få bu i den utover hausten.

Nok ein messinglysestake:

25 kr kosta denne vesle lysestaken som skal få bli ein del av messingstakesamlinga på kjøkkenbordet mitt. Også den frå bruktbutikken i Førde.

Klarer du å gå forbi bruktbutikkar? Og er det noko spesielt du leiter etter når du går på bruktjakt?

TAGS

«

»

4 COMMENTS

  • Maja

    Så fine funn! Jeg ❤️ loppis! Leter etter glass, fat, kopper, bestikk, leker, gamle kart, rammer og tekstiler. Og håper å finne en fantastisk lenestol til stua 😊

    • Ingvild
      AUTHOR

      Oh så fine ting å ha på lista, Maja! Og den fantastiske lenestolen frå loppis tipper eg finst på drømmefunn-lista til veldig mange av oss 😉

  • Trude

    Om vi trenger noe til huset prøver jeg alltid å finne det brukt. Er bla på jakt etter å bytte ut plastsleiver osv med tre, så det kikker jeg etter. Og så har jeg to store svakheter jeg alltid ser etter: kunst og keramikkopper 😍

    • Ingvild
      AUTHOR

      Så fine ting å sjå etter, Trude! Høyrast ut som vi har samme loppis-smak!

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *