DIY Sy

Skal vi starte syklubb?

Finst det fleire der ute som har lyst til å lære seg å sy? Eg vil!

Ok, følgande scenario er kanskje velkjent for mange:

Du har arva ei symaskin. Du kan å bruke den, og du kan sy heilt enkle saker. Og lenge har du gått med tankar som: “Tenk om eg kunne sy mine eigne klede!” Men noko har stoppa deg. Du manglar berre litt motivasjon, litt drahjelp til å komme i gang. Og så veit du liksom ikkje heilt kvar du skal starte.

Har du også ei symaskin som samler støv i boden?

Akkurat slik har i alle fall eg det. Men no more! For veit du kva? Eg har tenkt å lære meg å sy! På ordentlig!

Og eg har tenkt at du blir med!

For kva om vi som mangler den vesle ekstra motivasjonen starter ein syklubb saman på Instagram, der vi deler prosess, mønstertips, sy-triks og inspirasjon, og motiverer kvarandre? Eg synst i alle fall det høyrast ut som sparket eg treng for å komme i gang.

#prosjektlæreåsy

☝️Jepp, der ser du hashtaggen. Og den forklarer i grunn kva dette går ut på. Instagram-syklubben er for oss vil vil lære oss å sy, og som ikkje kan noko særleg frå før, men som har ambisjonar om i det minste å sy eit putetrekk før hausten er over. Vi bruker hashtaggen til alt som har med syprosjektet vårt å gjere, og heier kvarandre fram, gjennom armar sydd på feil veg, uforståelege mønster og eeeendeleg… ferdige plagg! Som vi kan gå med! Tenk så lyx!

Eg kjem til å dele prosessen og prosjektet i postar og stories (lagra under “Lære å sy”) på min Instagram, og her på bloggen. Og så kjem eg sjølvsagt til å heie og følge med på alle som deler postar med hashtaggen #prosjektlæreåsy. Saman blir vi sy-maestroar på null tid. Er du med?

«

»

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *