Bruktkjøp Personleg

Shoppestopp-status

Snart er to månader med shoppestopp overstått, og slik har det gått:

Og først og fremst må eg berre seie at dette har vore langt lettare å gjennomføre enn eg trudde.

Joda, det har blitt ein del bruktkjøp. Blant anna denne megafine veska som eg fann på loppis forrige helg, og som det viste seg at fantastiske @draumefangst hadde donert.

Av nye ting innkjøpt den siste månaden har eg berre kjøpt to ting:

  • Gymsko til sjuåringen (“Mamma, jeg trenger gymsko i morgen!”) som måtte skaffast på kort varsel.
  • Lego i barnebursdagsgåve som var litt for dårleg planlagt, og måtte kjøpast inn i siste liten.

That’s it!

I tillegg har eg kjøpt garn og knappar til strikkeprosjekt eg er i gang med, og stoff og symønster til #prosjektlæreåsy. Men sidan eg definerte frå start at garn og ting eg treng for å sy/lage sjølv er ok å kjøpe, synst eg at dei innkjøpa er greie. Det blei også ein del kjøp på loppis, men bruktkjøp er også innafor i min kjøpestopp.

Eg har jo kjøpestoppen nettopp for å prøve å sette gjenbruk og DIY først, og samtidig unngå å kjøpe nytt. Alt vi har bruk for skal eg i første omgang prøve å kjøpe brukt, eller lage sjølv, og det har lukkast veldig bra.

Det viser seg at fireåringar synst brukte syklar er like magiske bursdagsgåver som nye syklar.

Til og med til lillebrors 4-årsdag klarte vi å unngå nye kjøp! Han fekk brukt sykkel kjøpt på Finn og brukte Paw patrol-leikar kjøpt gjennom Facebook, og kunne ikkje brydd seg mindre om at nokon hadde brukt dei før han.

No skal eg snart i gang med å bytte sommar med haust i kapselgarderoben, og å finne fram hausttøyet til barna i boden, så etterkvart kjem ei ny oppdatering. Kanskje trengs det supplering med nye plagg i haustgarderoben?

Har du prøvd shoppestopp? Eller er du i gang no? Korleis har det gått for deg?

«

»

2 COMMENTS

  • Susanne

    Hei Ingvild – det er så gøy å følge deg både her og på Instagram. Jeg lar meg inspirere av shoppestoppen din, men dette med hjemmelagde/brukte gaver sitter litt langt inne hos meg. Har du tips til gaver til menn? Svogere, barnas onkler, kamerater som fyller 38år-isj?

    Olava hilser til Alfred (selv om hun dessverre ikke husker ham lenger).

    • Ingvild
      AUTHOR

      Hei Susanne! Einig i at gåver til menn er litt vanskelegare. Heimestrikka saker blir veldig godt mottatt her (strikkegensarar, vottar, luer), men det tar jo litt tid å produsere – og funker sånn sett ikkje maksimalt som kompisgåver. Eg har liksom eit ønske om å komme dit at eg kan gi vekk brukte bøker eg sjølv har lest og trur vil passe godt til venner og familie, men foreløpig har eg ikkje gjort det. Eg er vel litt redd for at folk skal synst det er ei litt kjip gåve. Ei brukt bok liksom. Mens sjølv hadde eg følt at det hadde vore personleg og fint å få ei bok nokon hadde plukka ut spesielt til meg, som dei sjølv hadde lest først.
      Ellers er jo alle glad i mat, både kvinner og menn. Heimelaga syltetøy. Eit godt, heimelaga brød. Ein boks heimelaga knekkebrød. Eller ein boks heimelaga konfekt. Alt dette blir dei fleste glade i å få.

      Og eg er usikker på om Alfred hugser Olava lenger, men vi jukser litt med “Olavas hus”, som huset i krysset alltid kjem til å heite hos oss. Det er liksom referansepunktet vårt: Du får lov til å leike på toppen, men du får ikkje lov til å gå ned bakken ved Olavas hus. Så sånn sett bur Olava fortsatt her på toppen 😉

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *