I mai plukka eg blomster i grøftekantane på Nesodden, som er noko av det finaste eg veit. Men korleis få den fine følelsen til å vare lenge lenge?

Ein stor bukett fekk vere med meg heim, og etter at blad og stilkar var rensa bort…

… la eg dei i ei bok til press. Boka har blitt plassert i bokhylla, og eg hadde i grunn gløymd at boka stod der. Planen var faktisk å la boka stå i bokhylla heilt til nokon tilfeldigvis tok den ut ein dag og fann dei pressa vårminnene.

Men i dag opna eg den for å dele eit minne frå våren 2019 med eit lite knippe viktige personar.

Barnehageåret er snart over, og kvar av dei fine folka som gjer at lillebror har det så fint i barnehagen fekk ein liten kvitveis på sommarkortet sitt. Og resten av blomstrane fekk bli inne i boka, som ei overrasking til den neste som opnar den.
what do you think?