Bruktkjøp Gjenbruk

Mine 7 beste loppis-triks

Eg har bokstaveleg talt blitt flaska opp på loppemarknader. Og med ein loppisgal familie har eg lært meg eit par triks gjennom åra. Her er dei beste:

1.Ver tidleg ute. Starter loppemarknaden kl 10, bør du vere der seinast 9.45. Dei beste tinga går først, og når du kjem vandrande kl 11 og møter nokon utanfor som har kjøpt din favorittstol, kjem du til å angre på at du ikkje stod opp tidlegare.

Frå kjøkkenstol-avdelinga på dagens loppis. Eg vurderte sterkt å kjøpe desse fire stolane, men lot dei til slutt gå.

2. Lag ei mental liste på forhånd over kva du er ute etter. Er det barnetøy? Bøker? Møblar? Koppar? Dei fleste loppemarknader er organisert etter innhald, så om du først og fremst er på utkikk etter ein ny lenestol eller ei barneseng, er det møblane du skal gå til aller først, slik at ikkje nokon andre kjøper det du er ute etter før deg. Eg er f.eks på utkikk etter kjøkkenstolar for tida, og går alltid først til møblane for å sjå om dei har noko av interesse.

Toro-kake og sur kaffi er liksom ein del av dealen. Tar du med barn og mann på loppis, kan det vere lurt å stasjonere dei i kafeen når futten begynner å gå ut av ballongen.

3. Hugs mobilen! Tidlegare var det heilt nødvendig å ha med cash. No tar dei aller fleste Vipps, men det kan vere lurt å ha litt cash i bakhand, for….

4. Velg selgar med omhu! På ein stor skulegårdsloppis pleier eg å leite etter korpspappan med gul refleksvest som ser ut som han har lyst til å vere alle andre plassar enn på loppis. Eg tar med alt frå nærmaste område som eg har lyst til å kjøpe (typ favnen full) og seier henslengt: “Eg får vel dette for 50 kr?”, samtidig som eg vifter med den ovanfor nemnde seddelen. Og enkelte gongar funkar det faktisk.

Mannen min kritiserer meg for å vere litt vel kynisk i prutinga. Men det kan vere smart å høyre litt på prutinga rundt deg, og gå til den selgaren som lar ting skure litt. Om selgaren lar andre få kjøpe ein stol for 40 kr, veit du kvar du skal legge deg i pris.

5. Det er lov å prute! På dei fleste loppisar står det ikkje pris på ting. Ikkje start med å spørre kva ting kostar. Foreslå heller ein pris sjølv, og begynn alltid mykje lavare enn prisen du faktisk trur du må betale. Om du tenker noko er verd 100 kr, begynner du på 40. Så seier kanskje selgaren lattermildt: “Det er ikkje snakk om! Du får det for 250!”. Så kan du bevege deg til 50, han til 200 osv, heilt til de (forhåpentlegvis) møtast på ein pris som er akseptabel for begge. Sett gjerne ein omtrentleg makspris for deg sjølv for kva du er villig til å betale før du begynner å prute. Har du veldig lyst på tingen du pruter om, og selgaren ikkje er villig til å møte deg på pris, får du vurdere om du synst det er verdt å betale meir. Hugs på at du uansett får ein unik sak til ein langt rimelegare pris enn du måtte ut med om du kjøpte den ny i butikk (og at overskotet som oftast går til ein god sak).

Skal det vere ein kano? Typ verdas finaste kano? 😍Denne var prissatt til 1300,- på dagens loppis, men kan sikkert prutast ned. Jo lenger ut på dagen det er, jo større sjanse er det for å få ned prisane. Arrangørane har trass alt lyst til å bli kvitt alt i løpet av helga.

6. Ta mål! Om du skal ha møbler eller større ting, er det alltid lurt å ha måla på kva du har plass til lagra på telefonen. Det er kjedeleg å kome heim med ein sofa som er 50 cm for lang for stua.

Ein treng ikkje ha tilgang til bil for å dra på loppis, men det hjelper veldig. Har du ikkje bil? Allier deg med venner som har, og gjer det til ein utflukt!

7. Ha ein plan for frakt! Om du ikkje har tilgang til stor bil eller tilhenger, kan du vurdere å leige ein varebil om du kjem over drømmemøbelet. Eg kjøpte eit giga skrivebord i heiltre eik langt oppi Sørkedalen eit år, og måtte ta ein telefon til Bislet bilutleige for å booke varebil for heimkøyring. Når bordet kosta eit par hundre kroner og leigebilen ca tusen, blei det likevel billigare enn det mykje kjipare bordet vi hadde vurdert å kjøpe på Ikea. Mange loppemarknader tilbyr utkøyring mot ein ekstra kostnad, noko som kan vere lurt å sjekke om du skal kjøpe møblar.

Er du glad i loppis? Har du nokre gode triks, eller morsomme erfaringar? Del gjerne!

TAGS

«

»

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *