Min kapsel-garderobe
Tanken er jo eigentleg sjukt enkel: Rydd vekk alt anna enn favorittkleda dine som både passer deg i størrelse og form, og som passer årstida.

Og eg kan berre seie først som sist: Å lage ein kapselgarderobe er det smartaste eg har gjort for klesskapet mitt nokon sinne. Aldri har det vore enklare å kle på seg om morgonen, og alt eg har i skapet er klede eg har lyst til å gå med, og som passer.

33 plagg verkar å vere “malen” for antall plagg i kapselgarderoben, og dei lærde stridast om ein skal telle med sko/vesker/yttertøy osv. Eg bestemte meg for å ikkje bry meg så mykje om eit fast tall, men heller finne dei plagga eg liker aller best å gå med.

Og eg endte opp med 30 ting, inkludert sko og ytterjakker, men ikkje inkludert vesker/smykker. Det høyrast kanskje lite ut, men faktisk er det fleire av plagga eg framleis ikkje har brukt etter opprydninga i midten av juli. Men no som kvardagen kjem for fullt med jobb, blir det nok litt mindre luftige strandkjolar og litt meir skjorte framover.

Her er plagga eg sit igjen med i sommargarderoben:
- 7 kjolar (elskar kjolar!)
- 4 bukser.
- Eitt skjørt.
- Ein ullgenser (har strikka ein til ferdig etterpå, så strengt tatt er det to no)
- Ein bomullscardigan
- Ei korterma t-skjorte (heilt sant! Eg har berre ei. Men eg bruker stort sett kjole når det er varmt)
- Tre langerma, tynne gensarar.
- Seks skjorter/blusar
- Tre ytterjakker: Ei trenchcoat, ei dongerijakke og ei lettare bomullsjakke.
- Tre par sko: Skinnsandaler, sneakers og eit par velbrukte espadrillos (som snart går i oppløsning. Har ❤️ dei, men dette blir nok dessverre siste sommaren i bruk.)
Eg har ikkje telt med undertøy, treningstøy, badetøy, støvlar, og den eine kjolen eg bruker i bryllup (eller bunaden, for den saks skuld).

Plagga som blei rydda vekk frå garderoben blei delt i fire grupper:
- Gjenbrukscontainer: Alt som er for smått/for stort, som er utslitt, eller som eg ikkje har krefter til å prøve å selge.
- Selgekasse: Klede eg er lei av eller som ikkje passer, men som har vore så dyre at eg skal prøve å få litt pengar for dei.
- Usikker på om eg ❤️: Nokre plagg klarte eg ikkje heilt å bestemme meg for om eg faktisk er glad i å bruke eller ikkje. Dei havna i ein pose i boden, og får komme fram til vurdering etter litt tid. Då ser eg dei kanskje med nytt blikk.
- Ta fram seinare: Klede som det ikkje er årstid for no (ei massiv ullsamling, blant anna) og klede som eg har fleire av (typ kvite skjorter og stripete gensarar) har også havna i boden, og skal tas fram når garderoben treng haustoppdatering, eller om noko av det eg har fleire av blir utslitt/ødelagt og treng erstatning.

Planen er å oppdatere/gå gjennom garderoben ved kvart årstidsskifte. Eg bruker mange av plagga mine heile året (sommarkjolar kan fint brukast om vinteren med ullstrømpebukser og ein ullcardigan til), men eg reknar med å bytte ut enkelte plagg og la andre få bli.

Har du kapselgarderobe, eller har du vurdert å starte med det? Del gjerne dine erfaringar her eller på Instagram!
2 COMMENTS
Anette
2 år agoSå fine bilder av en lekker og luftig garderobe ?
Jeg er også veldig inspirert og gjorde en del grep i starten av sommeren, men nå gleder jeg meg til snart å gå skikkelig til verks når sommergarderoben kan ryddes vekk! Utfordringen blir nok haugen av strikkagensere ?♀️
Koselig å lese bloggen din!
Klem fra Anette
Ingvild
2 år ago AUTHORTakk for den fine tilbakemeldinga! Ser problemet med ullgensarane (det gjer sikkert alle som strikker). I sommar var det enkelt, sidan det uansett var så varmt at ulla kun kom i bruk eit par kveldar, og det var lett å legge dei vekk i boden. Når garderoben blir endra mot vinter og høst blir det nok verre… ?