DIY

Lag ein natur-vev!

Gøy for både barn og voksne, og ein super aktivitet å gjere saman! Dessutan er det enkelt, og så godt som gratis. Slik gjer du det:

Natur-vev essentials.

Du treng:

  1. Noko å lage sjølve veven med. Ei stiv papp-plate er supert. Vi brukte papp frå ein oppklipt pappkasse.
  2. Hyssing eller sterk tråd.
  3. Saks.
  4. Nokre korte pinnar.
  5. Strå, planter, gras, blomster eller liknande som du finn ute. Tenk over at det skal vere fint når det har tørka, så bruk gjerne strå eller planter som er like fine tørre som når dei står i blomst, eventuelt kan du bruke planter som alt har visna.
  6. Ein plass å sitte der det er lett å støvsuge/koste etterpå. Det blir fort ein del dryss. Vi satte oss rett og slett på golvet.
Stråsanking. Ta gjerne med deg lage stilkar. Endane kan klippast av etterkvart, så det er betre med lange enn korte stilkar.

Slik lager du veven:

Klipp ein rad med hakk oppe og nede på papp-plata. Like mange på kvar side.

Barn synst gjerne det er lettare å veve med færre hakk og litt avstand mellom kvart.

Du bestemmer sjølv kor mange hakk du vil klippe. Mange hakk gir ein veldig tett vev, mens færre hakk gir eit lausare resultat.

Hyssingen eller tråden kan vere så tjukk eller tynn du vil, og i den fargen du sjølv likar best. Hugs berre å velge noko som er sterkt, slik at den ikkje ryker.

Knyt tråden fast i det første hakket oppe eller nede med ein knute du lett kan knyte opp igjen seinare. La det vere igjen litt ekstra tråd i enden av knuten.

Tre tråden i veven, og knyt til slutt fast enden av tråden i siste hakket, på same måte som då du starta å lage veven.

Start vevinga. Du trer kvar stilk annankvar over og under kvar tråd, akkurat som på ein vanleg vev.

For kvar omgang presser du strået eller planten nedover, slik at veven blir tett og fin.

Vever du med stilkar som kan bøyast utan å knekke, kan du veve inn enden av stilken som vist på bildet over. Er derimot stilken stivare, lar du denn berre henge over kanten av veven, slik at du kan klippe den av til slutt.

Veksle gjerne mellom planter med ulik tekstur og tjukkelse, slik at du får eit meir variert uttrykk.

Når du har veva heilt opp til toppen, trer du ein pinne gjennom veven på samme måte som du har veva tidlegare. Etter at pinnen er vevd inn, knyter du opp enden av veve-tråden frå papp-plata, og knyter den fast i pinnen i staden. No kan du forsiktig løfte tråden ut av kvart hakk i papp-plata, og sjå at den legg seg rundt pinnen i staden. Gjer det same i botnen av veven. Knuten som du løsnar frå papp-plata nede, knyter du fast i enden av veven nede.

Til slutt klipper du av dei lause plante-endane i kvar side. La den gjerne vere litt rufsete i sidene, det er berre fint!

Tada!

Ferdig vev, som kan hengast opp både ute i hagen eller på husveggen, og på veggen inne. Det er ei kjempefin gåve barna kan lage sjølv, og skikkelig mindfulness å halde på med.

Fekk du lyst til å lage? Tag gjerne resultatet med #naturveving og @skaperrom på Instagram, så deler eg!

TAGS

«

»

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *