Reise

Kortreiste ferietips!

Ein treng heldigvis ikkje reise langt for å få feriefølelse. Eg spurte etter tips på Instagram til kva ein bør finne på og sjå i nærheten av der du bur.Her har eg samla alt. Kanskje får du lyst til å reise ein korttur for å oppdage noko nytt der du bur?

Om sommaren er det sjølvplukk av både bær, frukt, blomster og grønnsaker mange plassar i landet. Gøy for store og små! Her plukker vi solsikker i Drøbak.

Oslo-området:

  • T-bana opp til Sognsvann eller Lillomarka.
  • Bading og piknik Huk. Lett å nå kollektivt og veldig barnevenleg.
  • Botanisk hage.
  • Frognerseteren.

Akershus:

  • Drøbak. Fekk maaange tips om Drøbak, og signerer på den sjølv. Nydeleg liten by med fine bakeri, eit lite Oslofjord-akvarie, fine småbutikkar, hyggeleg torg og småby-følelsen ein har lyst til å ha i alle små byar eller tettstadar. Og berre 1 time frå Oslo (20 minutt frå oss på Nesodden.) Svømmehallen Bølgen har nettopp opna dørene, og vi testa den med barna forrige helg. Dei var veldig fornøgde. Fin regnversaktivitet!
  • Oskarsborg.
  • Sherpastien på Svartskog.
  • Telting på Steilene. Gratis og sabla fint og heilt ferie.
  • Svartskog kolonial.
Teltutsikt på Steilene utanfor Nesodden. Nytt av året er at Drøbaksbåten går innom Steilene til og frå Oslo. For godt til å ikkje benytte seg av, spør du meg!

Østfold:

  • Fredrikstad. Gamlebyen, og gratis byferge som funkar utmerka til sightseeing.
  • Halden. Festningen.

Vestfold:

  • Bastøferga over til Horten, gratis for gåande og syklande. Sykle sørover, eller bli i Horten.
  • Horten: Piknik på Borrehaugane. Bade på Rørestrand. Bunkers-safari i Hortenskogen. Og ikkje minst: Hortens fine Karl Johans vern. Fantastisk område, natur, gamle bygg, søndagsmarked, strand ++.

Buskerud:

  • Holmsbu. Sørlandsidyll kort vei frå Oslo.
  • Blaafarveværket og koboltgruvene.

Oppland:

Rundt Mjøsa:

Agder:

  • Kristiansand: Skjærgården, bymarka, lysstøperiet, Odderøya.

Bergensområdet:

  • Voss! Lunsj på Tre Brør, shopping på Pakkenellik og Voss Folkemuseum.
  • Rosendal og Hardanger.
  • I Bergen: Fløyen. Akvariet. Nordnesparken (med prima sjøbad!)
  • Piknik på Gamlehaugen – frisbee og kubb i parken og ta ein dukkert i Nordåsvannet
  • Bade på Marineholmen og teste kafeen BKB rett ved sidan av.
  • Gå tur på byfjella i Bergen – uendeleg mange mulegheiter for ein sprek sommar der.
  • Askøy: Herdla – gå på tur i det vakre fuglereservatet, sjå på krigsruinar og ta ein tur innom Herdla museum. Bakstehuset på Ask – verd eit besøk i seg sjølv.
Ein togtur, busstur eller biltur kan vere ein liten uflukt i seg sjølv. Ta ei rute du ikkje har tatt før, og stopp der du ser noko interessant eller fint!

Sogn og Fjordane:

  • Nordfjordeid! Koselege butikkar og gamle hus, vikingmuseum og fjordhestsenter.
  • Øyhopping i Solund.
  • Sykkeltur på øyane i Florø.
  • Håjen kafe i Naustdal, nydelig mat og miljø, der har dei og eit lite museum om ei hending frå krigen.
  • Bremanger, med Knutholmen, Grotlesanden og mykje meir.
  • (Som ei som er født og oppvaksen i Sogn og Fjordane eg massevis av fin-fine tips å legge til for dette fylket. Eg vil ikkje kuppe denne posten heilt, men lager gjerne ein eigen Sogn og Fjordane-guide med tips til litt gøymde ting å gjere/oppleve, om nokon er interessert?)

Nordland:

  • Kjerringøy og Saltstraumen: Har både severdigheiter, historie og vakker natur.

Og berre generelle tips som gir feriefølelse, uansett kvar ein bur:

  • Sykkeltur med piknikkurv til ein stad i nærleiken.
  • Kjør ut i naturen og gå ein laaaang tur.
  • Dra på stranda. Gjerne på ulike strender der ein ikkje har vore før.
  • Bondegård.
  • Leikeplass-safari.
  • Biblioteket.
  • Telttur i eigen hage.
  • Ta med barna (i pysj) for å kjøpe ferske rundstykker til frokost.
  • Ei god bok.
  • Utforske marka/skogen.

Fekk også tips om å sjekke Green bonanza si liste over gårdsbutikkar, landhandleri mm. Full av supre tips. Du finn den her!

Har du fleire tips til plassar eller aktivitetar som gir feriefølelse og som er verdt å ta turen til i nærheten av der du bur? Skriv dine tips i kommentarfeltet, så klipper eg dei inn i innlegget!

«

»

4 COMMENTS

  • Malin

    Ja til fleire Sogn og Fjordane tips! Eg bidreg med nokon; øyhopping i Solund, eller berre reis til Solund;)
    Sykkeltur på øyane i Florø.
    Håjen kafe i Naustdal, nydelig mat og miljø, der har dei og eit lite museum om ei hending frå krigen.
    Bremanger, med Knutholmen, Grotlesanden og mykje meir:)

    • Ingvild
      AUTHOR

      Takk for prima Sogn og Fjordane-input, Malin! ✨Veldig gøy at du både har med Naustdal (der eg har vakse opp) og Solund (der svigerforeldra mine bur). Og heilt einig med deg i at ein må dra til Solund. Eg blei blåst overende av naturen der første gang eg var der. Og om eit par veker går turen dit igjen.💛

  • Anna

    Bergen:
    Piknik på Gamlehaugen – frisbee og kubb i parken og ta en dukkert i Nordåsvannet

    Bade på Marineholmen og teste kaffeen på BKB rett ved siden av

    Gå tur på byfjellene i Bergen – uendelig mange muligheter for en sprek sommer der

    Askøy:
    Herdla – gå på tur i det vakre fuglereservatet, se på krigsruiner og ta en tur innom Herdla museum

    Bakstehuset på Ask – verd et besøk i seg selv

    • Ingvild
      AUTHOR

      Tusen takk for supre Bergenstips, Anna! Eg legg dei inn! Og no fekk eg lyst til å reise til Bergen! ✨💛

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *