Bruktkjøp Reise

Sommarskattar frå Gotland

Har du det også slik at du gjerne vil ha med nokre fine minner heim frå ferieturane dine?

Eg har det definitivt slik, men etterkvart har eg blitt flinkare til å unngå småkjøpa og heller bruke litt meir pengar på nokre få, verkeleg fine ting som eg kan minnast turen med, som ei hengekøye eg kjøpte frå Tisvildeleje i Danmark eller trebrettet til å sette fine kremar på på badet som eg kjøpte i Paris.

På Gotland gjekk eg sånn sett litt bananas, for det var ikkje berre ein ting som fekk vere med heim. La oss ta ein kikk:

Den 200 år gamle krukka:

Lenge har eg leita etter eit stor leirkrukke eg kan ha kjøkkenredskaper i. Fram til no har eit stort Norgesglass gjort nytten, men det har vore for lite, og eg har blitt like sur kvar gang eg har prøvd å tvinge tresleiver og visper nedi den stappfulle opninga. På Akantus i Visby fann eg endeleg det eg har leita etter: Ei stor krukke frå midten av 1800-talet med patina og levd liv.

Keramikken:

Keramikk og porselen er mine guilty pleasures. Eg veit ikkje kor mange gangar eg har kome heim frå loppis med koppar og fat som vi vel strengt talt ikkje har heilt bruk for. Frå keramiker Jan Sandbloms utsal i Burgsvik fekk denne vesle samlinga bli med meg heim. Dei skal få romme oliven, små tapasrettar og kanskje romantiske dessertar etterkvart. Så fint med handlaga keramikk!

Speilet:

Memo Antik i Visby fann eg dette fantastiske, vesle speilet. Fint, kva? Mannen min (som er litt meir praktisk enn meg), var heller lunken, og ville vite kvar eg skulle ha det. Men eg finn nok ein plass. Kanskje på soverommet, eller på storesøsters rom?

Til mørke haustkveldar:

Lysestakar i messing har fått ein renessanse dei siste åra, også heime hos meg. Dette paret var så enkelt og fint i formen, og umulig å gå frå på den fantastiske låveloppisen Kuriåsa utanfor Hemse. No skal dei få bu på kjøkkenbordet vårt saman med dei andre loppis-lysestakane eg har samla meg over tid. Og kanskje finn eg fleire når loppis-sesongen set i gong igjen til hausten her i Norge?

Luksus-potter til plantene mine:

Dei forseggjorte blomsterpottene frå Bergs potter har eg sikla på lenge. Då eg kom over dei i hagebutikken på Vamlingbo prästgård, klarte eg ikkje stå imot. Dei er ikkje akkurat gratis, så eg sleit med å velge mellom glaserte potter (grønne! oker!) og dei mange variantane av brent leire, men endte til slutt på to ganske enkle variantar i heilt lys, nesten rosa leire.

Heilt sarte og nydelege no, og blir sikkert nesten enda finare med litt bruk. No står dei stua vår, og eg har planta om ein raud Oxalis og ein Pilea som trengte meir plass i dei.

Kva liker du å kjøpe med deg heim frå feriar og reiser? Har du gjort nokre kupp eller kjøp du har blitt ekstra glad i? Eller nokon skikkelege bomkjøp? Legg gjerne igjen ein kommentar, for då blir eg glad!

«

»

4 COMMENTS

  • Ingeborg.

    Så knallfine potter! Dån.

    • Ingvild
      AUTHOR

      Ja, ikkje sant? Om ein kan dåne av blomsterpotter, så må det bli av desse! 😉

  • Tonje

    Åh, så mange skatter! Det er helt tydelig at jeg må komme meg til Gotland. Fant bloggen din nå, og her var det fint å være! Så fine bilder og interessante og koselige tekster.

  • Ingvild
    AUTHOR

    Tusen takk for superfine ord, Tonje! ❤️Gotland er heilt magisk. Enda finare enn eg hadde trudd (og eg hadde store forventningar). Anbefaler absolutt å sette øya opp på muleg reisedestinasjon-lista!

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *