Personleg

Kan dette bli shoppestoppens haust?

Går du også rundt og lurer på om du klarer ein sesong med shoppestopp? La oss ta ei vurdering saman!

Shoppestopp. Det ordet er både litt forlokkande og litt skremmande. Forlokkande fordi eg har lyst på motivasjon til å kjøpe mindre, vere meir bevisst og gjenbruke meir. Skremmande fordi eg ❤️å gå i butikkar, og synst det er stas og gir glede å kjøpe noko nytt. Og fordi shoppestopp kjennast litt drastisk. Vil eg klare det, liksom?

I vurderinga for og imot har eg tatt utgangspunkt i at det er lov til å kjøpe det vi har behov for, så lenge det er eit gjenbrukskjøp. Det gir litt meir slack, og gjer det heile litt mindre avskrekkande.

Ok, her har eg prøvd å liste opp fordelar og bakdelar.

Pluss:

  • 💸Økonomi: At ein sparer pengar på å la vere å kjøpe ting er ein nobrainer. Å sitte igjen med meir på konto er definitivt ein motivasjon.
  • 🌍Miljø: Eg veit eg kjøper for mykje. Spesielt klede. Og eg veit at det ikkje er berekraftig, og at mønsteret bør endrast. Forbruket må ned, og ein sesong med shoppestopp vil forhåpentlegvis klare å pense meg inn på eit meir berekraftig spor.
  • 👗Å sette meir pris på det eg har: I vrimmelen av alt eg har og alt eg kjøper er det lett at gleden ved kvar enkelt ting forsvinn. Å verkeleg ta i bruk og sette pris på det eg alt har skaffa meg, i staden for å ønske meg nytt, er ein motivasjon for meg.
  • ✂️Å bli meir kreativ: Å ikkje kunne kjøpe gjer at eg må lage meir sjølv. Eg strikker jo allereie mykje, og kanskje er det shoppestopps om skal til for å blåse støvet av symaskina også? Slow fashion i staden for H&M!
  • ♻️Bli ein meir bevisst gjenbruker: I ein familie med to barn som veks og treng nytt stadig vekk, kjem eg ikkje unna å måtte kjøpe enkelte ting i løpet av sesongen. Vinterdressar, regntøy, akebrett, ski, leikar. Men i staden for å gå rett i butikken, har eg lyst til å prøve å dekke behovet med gjenbruk og bruktkjøp. Det meste får ein tak i gjennom Finn, Facebook-grupper, Tise osv. Det hadde vore interessant å sjå om bruktkjøp kunne dekke heile behovet for innkjøp av ting og klede.
Ta vare på det eg har, kjøpe brukt, tenke gjenbruk, spare pengar. Hei shoppestopp: Er du noko for meg?

Minus:

  • 🛍️Mister gleden av å gå på skattejakt i butikkar: Joda eg er skikkelig glad i å shoppe. Eg elsker å gå i småbutikkar med quirky utval og finne unike skattar, eller å kjøpe fine ting som eg har glede av. Skal eg klare å ha ein sesong med shoppestopp, må eg rett og slett unngå butikkar. Ellers går ikkje dette.
  • 👟Vanskelegare å skaffe seg det vi har behov for: Ref punktet på pluss-lista om gjenbruk. Å kjøpe vinterdress i riktig størrelse brukt krev litt meir innsats enn å berre gå i butikken.
  • 🗒️Meir planlegging: Skal dette gjennomførast til punkt og prikke, må jo for eksempel slikt som gåver også lagast eller kjøpast brukt. Eg kan ikkje berre stikke ut i lunsjen og kjøpe bursdagsgåver, eller nettshoppe nytt regntøy på trikken.

Kva er dine pluss og minus for shoppestopp? Har du nokon eg ikkje har tenkt på? Og kunne du tenke deg å vere med på eit shoppestoppforsøk i haust? (Eg er som sagt skikkelig shoppeglad, så eg treng litt drahjelp og inspirasjon frå andre i samme situasjon om dette skal gå vegen).

«

»

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *