Personleg

Hei, shoppestopp-haust!

Eg har bestemt meg: Null shopping før nyttår!

Min motivasjon for shoppestopp? Miljøet, pushe kreativiteten (lage sjølv i staden for å kjøpe) og spare pengar. I den rekke følgen.

Om du følger meg på Instagram, eller leste her, har du kanskje fått med deg at eg har vurdert å legge all shopping på hylla for eit tid. Og no har eg overbevist meg sjølv om at det bør vere fullt muleg å gjennomføre.

Eg har laga eit lite sett med reglar for meg sjølv. Eg har ikkje lov til å kjøpe:

  • Nye klede, sko, vesker, smykker e.l til meg sjølv.
  • Nye ting til heimen, med mindre det er heilt nødvendig.
  • Så langt som det går skal eg prøve å unngå å kjøpe noko nytt til barna, verken klede eller ting, og prøve å få tak i alt dei treng brukt før eg går i butikken.
  • Gåver. Litt ambisiøst der altså, men eg har faktisk tenkt å prøve å lage alle gåver sjølv, eller kjøpe dei brukt. Det er ein viss sjanse for at eg må opne for eit par barnebursdagar på leikebutikken, men med god planlegging finn ein vanvittig mykje brukt!

Eg har derimot lov til å kjøpe:

  • Brukte ting og klede, både til meg sjølv og andre. Men ingen fråtsing der heller (må vere streng med meg sjølv på loppis, med andre ord).
  • Garn og strikkeoppskrifter. Og glidelåsar, nåler, knappar o.l når eg har sydd eller strikka noko.
  • Påfyll av ansiktskrem, mascara, gode såper osv etterkvart som eg går tom. Men det må vere heilt tomt før det er lov å kjøpe nytt, og kjøp av typen “gøy gullglittermascara som kan vere litt kult å ha på den eine festen” er strengt forbudt.

Eg har laga emneknaggen #shoppestopphøst2019 på Instagram, og kjem til å legge ut innlegg der utover hausten slik at du kan følge med om du vil.

Og du? Bli med, då! Eg kjenner eg treng å vere ein del av ein gjeng som gjer dette saman, slik at eg ikkje havner rett tilbake på Steen & Strøm om ein mnd.

«

»

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *