DIY Sy

Første steg mot master seamstress

Ingenting seier “nybegynner” som eit skikkeleg feilslått prosjekt…

Du har kanskje fått med deg at eg prøver å sparke i gang ein Instagram-syklubb for oss som har lyst til å lære å sy?

Om eg krymper skikkelig masse, blir den kjolen her passeleg til meg. Inntil vidare har 7-åringen fått den.

Det første eg gjorde var å begynne å sy utan oppskrift.

Du har det kanskje også slik at når du først har fått ein idé (typ: “Eg skal lære meg å sy. I kveld!”), så må den settast ut i livet med ein gong? Slik har eg det, i alle fall. Så eg fann fram ein topp eg liker godt, og prøvde å teikne den av etter beste evne for å lage eit mønster.

For å seie det kortfatta: Toppen som skulle bli til meg sjølv, endte med å verken gå over hodet eller passe i ermeopninga, og måtte til slutt syast om til kjole til 7-åringen. Ho blei heldigvis toppnøgd, men eg innsåg at eg blir nødt til å planlegge litt betre om eg skal bli sy-maestro.

Det viser seg at mønster er kjekt å ha. Forhåpentlegvis blir det litt meir suksess når eg har desse til å rettleie meg.

Så no prøver eg å gå litt meir ryddig til verks:

  1. Eg har lånt tre bøker av sy-guru Mari Melilot på biblioteket, og har tenkt å lese meg opp. Forhåpentlegvis finn eg masse tips og triks eg kan dele etterkvart.
  2. Klok av skade har eg også kjøpt tre ferdige mønster til klede eg vil sy til meg sjølv: Ein kimono og eit foldeskjørt (begge merka betryggande med “Easy”) og ein omslagskjole (ikkje merka med “Easy”, så den venter eg litt med).
  3. Og sist, men ikkje minst: Eg har kjøpt stoff. Joda, eg har ei heil skuff med stoff frå loppis frå før, og dei vil eg også sy med etterkvart, men ingen av dei er store nok til større plagg til meg sjølv. No har eg sikra meg (og kjøpt litt ekstra lengde for å ha rom for å sy feil undervegs, for det reknar eg med at eg kjem til å gjere).

No er stoffa ein runde i vaskemaskina slik at eg tar krympinga først som sist, og eg tørkar støv av symaskina og gler meg til å sette i gang. Med mønster, denne gongen.

Har du lyst til å lære å sy? Trur du ein Instagram-syklubb kan motivere deg? Skriv gjerne kva du synst i ein kommentar her eller på Instagram!

«

»

1 COMMENT

  • EliseT

    Bare et tips: stoff og stil er generelt sett ikke gode til å forklare hva du skal gjøre. Egentlig er få av de gamle mønsterhusene det, synes jeg. En rekke av indiedesignerne er i allefall syyykt mye bedre.

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *