Reise

Ein liten guide til Gotland

Vil du ha Toscana eller Provence utan å forlate Skandinavia? Dra til Gotland! Her er min mini-guide til den fantastiske øya i Østersjøen.

Eg blei litt forelska i vindmølla utanfor huset der vi budde.

Først som sist: Eg på ingen måte nokon Gotlands-ekspert, og posten er basert på vår sommarveke på øya i slutten av juni. Men det kom så mange spørsmål etter historiene eg delte på Instagram mens vi var på ferie, så her er mine (høgst begrensa) tips til våre beste Gotlandsopplevingar.

Å bu:

Sjå så fint på uteplassen!

Vi budde på den aller finaste Airbnb: Den ombygd låven på Burge gård som låg landleg og stille til i öppna landskap, omgitt av hav, blomsterenger og med utsikt til ei gammal vindmølle.

Nydelege Burge gård.
Lillebror har ei stille stund med teikning ved kjøkkenbordet.
Tenk å ha eit drivhus/glasshus som inngang til huset sitt! Eg vil ha!

Reisefølget vårt bestod av oss fire i familien (to voksne og to barn) + svigerforeldrene mine, og huset var heilt perfekt for oss: Store (og heilt amazing nydelege) allrom, komfortable soverom og store uteplassar der barna kunne springe rundt – og vi voksne kunne drikke vin til sola gjekk ned.

Slike hus. Overalt. Gotland, altså – så mykje fiiint å sjå på!

Gotland er proppfullt av dei nydelegste hus og gårdar (eg hadde seriøst lyst til å stoppe bilen mange gangar i minuttet for å kikke på fantastiske drivhus, drømmehagar, sjarmerande gårdstun og tv-dokumentarverdige barnconversions) og det finst masse flott å velge mellom på Airbnb. Men ver tidleg ute! Dei beste sommarhusa blir booka allereie på hausten og vinteren. Her er nokre andre Gotlandshus eg har lagra på favorittlista mi på Airbnb:

Vi plukker blomster, går på tur, og tvangskoser litt.

Det finst også ein god del hotell rundt omkring på øya, og flest i Visby. Men hugs på at Visby er ein relativt liten by som er raskt sett, så dette er absolutt ei øy der det er like fint å bu meir landleg enn i byen.

Å gjere:

Sidan vi budde heilt sør på Gotland, holdt vi oss for det meste i nærområdet vårt. Låven vi budde i ligg på Faludden, eit stykke utanfor Burgsvik, og heile søndre Gotland er fantastisk: Få turistar, generelt få folk, roleg tempo og opne, vidstrakte landskap som tar pusten frå deg. Når ein reiser med små barn, blir det raskt prioritering av bading og barnevenlege aktivitetar (litt mindre tid til soling og vin til lunsj), og slik blei det også på Gotland.

Langgrunn sandstrand så langt ein kan sjå. Kveldsbad med lillebror på ei folketom Austre strand.

Området rundt Austre og Holmhällar har heilt fantastiske strender, med kilometervis av finkorna sand og langgrunn bading rett ut i havet. Her var vi fleire dagar, og hadde laaange strender nesten heilt for oss sjølve.

Fantastiske rauker på Holmhäller.

På Holmhäller er det også eit område med rauker; fantastiske steinformasjonar der havet har gravd ut delar av fjellet, mens resten står igjen. Steinstrendene mellom raukene er fulle av flotte, glatte steinar – mange med fossil i.

Fossil inni berget!

Fossila finn du også synlege i berget mange stader. Skattejakt etter fossil her var like morsomt både for barna og oss voksne (svigermor var kanskje den aller ivrigste ;)).

Vanskeleg å få med seg desse stolane frå loppis heim til Norge i ein liten bil. Men eg skal love at eg hadde lyst på dei.

Heile Gotland er fullt av loppisar. Langs vegen passerer du stadig skilt til nye loppis-utsalg, og du finn alt frå proffe, kuraterte utsalg til garasje/hagesalg der privapersonar sel ting frå loft og kjellar. Hugs på at det berre er dei proffe utsalga som tek betalingskort, og at svenskane bruker Swish (som du treng svensk personnummer for å bruke) i staden for Vipps. Vi lærte the hard way at det kan være smart med litt cash i lomma om du kjem over ein skatt eller to.

Fine Visby.

Visby må ein nesten besøke når ein er på Gotland. Øyas største (og eigentleg einaste) by er frå middelalderen, med ein ringmur som omkranser heile byen, og det er ikkje utan grunn at den står på UNESCOs verdsarvliste.

Her er det tett i tett med små middelaldermurhus mellom koselege torg og hyggelege gater.

Visby har fleire fine butikkar (blant anna min favoritt Akantus, som sel både ny design og kuraterte antikvitetar) og mange hyggelege kafear og restauranter.

Roleg kjæraste-fika på St.Hans Cafe & Orangeri i Visby. Dei har også ein heilt amazing bakgård med middelalderruinar og drivhus – midt i byen.

Vi var heldige og fekk barnevakt ein dag, slik at vi kunne dra på roleg kjærastetur og gå omkring i Visby utan ungar (det er muleg at andre barn oppfører seg eksemplarisk når dei går gatelangs og kikker på arkitekturen i middelalderbyar, men våre barn gjer dessverre ikkje det), og det var veldig fint.

No fear i Kneippbyn.

Kneippbyn er derimot noko våre barn kan ELSKE. Fornøyelsesparken utanfor Visby er passe stor og i slutten av juni var den heller ikkje overbefolka (eksemplarisk korte køar = veldig mykje betre stemning for både store og små). Her er det både leikeland – med bla.a. Pippis Villa villakulla, hoppeslottbonanza, ein passe skummel (for 4-åringen) berg og dalbane – og eit passe stort utandørs badeland. Kneippbyn ligg flott til like ved havet, og vi brukte heile dagen her (barna godtok først å gå då parken var nesten tom og dei sa i høgtalarane at dei skulle stenge). Eg er sjølv av den typen som synst Tusenfryd er eit lite helvete, men Kneippbyn var faktisk veldig ok, og når barna er i himmelen, synst vi voksne at det er litt fint i seg sjølv.

Gotland er full av blomster, over alt. Desse er frå grøftekanten like ved der vi budde.

Reise dit:

Det går bilferje til Visby på Gotland både frå Nynäshamn utanfor Stockholm, Oskarshamn og Västervik. Vi tok ferja frå Nynäshamn – som har ein overfart på ca 3 timar, og kombinerte turen med ei overnatting i Stockholm på veg heim. Det går også direktefly frå Oslo til Visby.

Komme seg rundt:

Vi hadde med oss bil, og var glade for det, sidan vi budde landleg til. Gotland er større enn ein skulle tru, og avstandane er ganske lange, så det er nødvendig å enten bruke buss eller bil for å komme seg rundt – og det bør du gjere! Gotland har for mykje å by på til å berre sitte i ro på ein plass. Om du kjem utan bil, anbefalast det å leige bil eit par dagar for å få sett meir av øya.

Dessutan er Gotland fantastisk å sykle på – sidan den er bortimot heilt flat, og har massevis av aude vegstrekningar der du får sykle uforstyrra. Vi hadde ikkje sykkel, men neste gang blir det definitivt sykkelleige på oss!

Eit bed fullt av urter og storesøster i kveldssol. Gotland leverer.

Denne Gotlands-ferien var vi ikkje lenger nord på øya enn Visby, og eg har veldig lyst til å reise tilbake seinare og bu lenger nord på øya. Stader som bla.a. Furilden, Bungenäs, den blå lagunen og ikkje minst Fårö fekk vi ikkje med oss denne gangen, og eg kjenner på meg at det MÅ skje på eit seinare tidspunkt. Gotland, vi kjem tilbake!

Det viser seg at hadde på meg denne kjolen på alle bilder frå Gotland. Muleg eg blir nødt til å kjøpe meg noko nytt snart?

Har du vore på Gotland? Har du spørsmål om vår Gotlandsferie? Eller har du lyst til å reise til den fine øya i Østersjøen? Legg gjerne igjen ein kommentar! 🙂

«

»

2 COMMENTS

  • Martine

    Så fint! Det huset dere bodde i er feriedrømmen. Takk for at du deler, nå fikk jeg enda mer lyst til å dra til Gotland. Tror det må bli neste sommer.

    • Ingvild
      AUTHOR

      Ja, huset var verkeleg feriedrømmen. Stemmer absolutt for at de drar til Gotland!

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *