Strikking

Du veit du er strikkeavhengig når…

Fleire enn meg som bruker heilt vilt mykje tankekraft på å bestemme seg for kva garn du skal ha med deg på ferie? Og ikkje minst: Kva som skal bli feriens strikkeprosjekt?

Enkelte vil kanskje seie at eg gjekk litt bananas då eg kjøpte inn sommarstrikk-garn…

5 teikn på at du muligens er strikkeavhengig:

  1. Du skal vere vekke ei veke (med barn og/eller massevis av planlagte aktivitetar), men tek likevel med eit par kilo garn i bagasjen – sånn i tilfelle det på magisk vis skulle oppstå strikketid.
  2. Trass utsikter til null strikketid, sikrar du deg med å ta med minst to (såvidt påbegynte eller berre planlagte) strikkeprosjekt på turen. For tenk om du blir ferdig!
  3. Den minste unnskyldning kan vere god nok til å reise milevis for å oppsøke lokale strikkebutikkar: “Eg gløymde å ta med pinnar til armane på genseren eg ikkje har begynt på enda”, for eksempel. Og så bruker du feriebudsjettet på å kjøpe garn du ikkje heilt veit kva du skal strikke med (men du gløymer gjerne pinnane du kom for).
  4. Reisefølget ditt foreslår at de kan gå ut og drikke vin om kvelden. Du blir med, men innerst inne vil du heller bli igjen heime og strikke litt.
  5. Du kjem heim frå ferie utan å ha fått strikka meir enn nokre rundar. Likevel kjem du til å legge minst like mykje tid i planlegginga av feriestrikketøyet neste gang du skal på tur.

Nokon som kjenner seg igjen? Eller er det berre meg?

«

»

2 COMMENTS

  • Anette

    Kjenner meg ikke igjen i det hele tatt 🙈

    • Ingvild
      AUTHOR

      Nei, ikkje sant? Det er det vel ingen strikkande som gjer 😉

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *