DIY Frå hagen

DIY: Lavendelposar

Lavendel er min favorittplante. Eg trur eg elsker den like mykje som humlene og sommarfuglane. Og det beste med lavendel, er at den lukter like godt heile året om ein tørker den og syr lavendelposar. Og det er kjempe-enkelt!

Slik gjer du det:

Lavendelsanking i hagen.

Klipp lavendel av lavendelplanten når planten står i full blomst (som oftast i juli – men i år har eg sanka lavendel i august, og det funkar heilt fint).

Legg gjerne ein duk eller eit klede under lavendelen mens du jobbar med den, så er det lettare å samle opp alt drysset frå dei.

Samle det i bukettar som du heng opp ned til tørk på ein luftig, tørr plass.

Lavendeltørking på kjøkkenet.

Etter omtrent ei veke kan du klippe av sjølve blomstrane, og legge dei i ei skål e.l.

Lavendel finst i fleire fargar, og alle lukter like godt. Her har eg kvit lavendel (t.v) og blå lavendel (t.h).

Sjølve posane syr du enkelt av små rester med stoff. Litt tett bomullsstoff fungerer perfekt.

Klar for å sy!

Du bestemmer sjølv størrelsen på posane, men det kan vere lurt å ikkje lage altfor store.

Alle har stoff nok til å sy lavendelposar. Hullete skjorter, gamalt sengetøy, slitte kjøkkenhandkle, stoff frå loppis: Alt funkar.

Eg pleier å klippe to avlange eller kvadratiske ruter, og sy dei saman på vranga, men la det vere igjen ein liten opning du ikkje syr igjen, slik at du får vrengt innsida ut. Fyll deretter oppi tørka lavendel i posen, og sy til sist saman den vesle opninga. Eg foretrekker å sy saman opninga for hand, for då synst eg at det blir finare og meir diskret, men om du ikkje gidd det, syr du den berre igjen på maskin. Smak og behag.

No blir det lukt av sommar i sengetøyet.

Så er første runde med haustens lavendelposar ferdig. Eg liker å legge dei inn mellom dynetrekk og putevar i sengetøyskuffene, slik at sengetøyet lukter friskt og godt av lavendel. I periodar når eg har problem med å sove, legg eg også ein pose under hodeputa mi i senga. Lukta av lavendel er søvndyssande, av ein eller anna grunn, og hjelper meg alltid å få sove. Lavendel jager også møllen vekk, så om du legg nokre posar innimellom ulltøyet i skapet ditt, held det ulla fin lenger.

Har du ikkje lavendel i hagen eller på verandaen, men vil ha lavendelposar likevel? Tørka lavendel kan kjøpast ferdig mange stader. Google det, så finn du mange alternativ.

Humlene og sommarfuglane elsker lavendel. Vil du ha masse sommarfuglar i hagen, planter du masse lavendel.

Og vil du plante lavendel i hagen?

  • Eg har eit par triks til deg: Kjøp dei små lavendelplantene utan blomster på som dei kvart år har massevis av på dei fleste hagesenter. Plant dei relativt tett på ein solrik plass i jord blanda med mykje sand.
  • Lavendel er middelhavsplanter som ikke liker å bli våte på beina, så sørg for god drenering. Mine lavendel står planta i ei skråning der vatnet naturleg renn vekk, og det liker dei tydelegvis veldig godt.
  • Om du går for dei små lavendelplantene utan blomster, brukar dei første året på å etablere seg, så dei blomstrar først året etter. Då kjem det til gjengjeld blomster i rikeleg monn. Plant helst plantene så tidleg i sesongen som mogleg, så dei har god tid til å danne røtter før vinteren. Lavendel treng ein del vatn den første tida etter at du planter dei, men deretter klarer dei seg med regn ein gang i blant, og treng knapt vatnast i tillegg.
  • Om lavendel trivst hos deg, kjem dei att år etter år, og blir stadig større og tettare. Dei frøsår seg også gjerne lett, slik at det dukker opp små lavendelplanter ved sidan av dei store plantene. Dei kan du flytte og plante andre stader i hagen om du ønsker det. På våren kan du klippe dei ned ein god del, men ikkje heilt ned til veden (la det vere blader igjen på kvar kvist du klipper). Tidleg om våren ser lavendelplantene triste og døde ut, men gje det eit par veker med vårsol, for plutseleg livnar dei til med nye skot.

«

»

2 COMMENTS

  • Karen Marie Bruun Hansen

    Jeg husker at lavendel skal klippes ned til “15 cm 15. April” (når alt frost er væk, så måske senere i Norge?). Den er også meget nem at formere med stiklinger 🌱

    • Ingvild
      AUTHOR

      Hei Karen Marie! Ja, eg pleier å klippe ned lavendelen når det har blitt frostfritt. Det varierer jo litt frå år til år (og dessverre ofte litt seinare i Norge enn i Danmark), men ein gong i løpet av april eller starten av mai pleier å passe bra. Då bli plantene kraftige og tette og fine, og klare for å ta imot eit vell av blomster seinare på sommaren. Og tusen takk for tips om å ta lavendelstiklingar! Det er jo genialt, så det må eg prøve!

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *