
Å finne gåver til nye verdensborgarar er noko av det kjekkaste eg veit. Og dei treng slett ikkje kjøpast nye. Her er fem tips til bærekraftige barselgåver:
Arva tøy.

Babyar sliter på ingen måte ut tøyet sitt, og veks gjerne ut av ein størrelse på eit par veker. Samtidig synst i alle fall eg at fint babytøy er heilt uimotståeleg, og eg kan lett bruke mykje pengar på bittesmå plagg. Så kvifor ikkje pakke inn noko av det ekstra fine tøyet frå eigne barn og gi det vidare? Eg hugsar at vår største fekk fleire gåver med nydelege klede frå loppis og bruktbutikkar då ho blei født, og det kjennast nesten litt ekstra fint at kleda er unike og har ei historie. Og å vite at barna til vener eller familie har brukt og elska kleda før, og gir minnene vidare, gjer dei berre meir spesielle.
Brukte barnebøker

Familiar med nybakte babyar har ofte meir enn nok av babyutstyr og klede i dei minste størrelsane. Men bøker som kan lesast når dei blir litt større, er det alltid hyggeleg å få. Kanskje er det berre meg som elsker bøker med patina og levd liv? Loppisane er fulle av dei, og for nesten ingen pengar kan du kjøpe ein stor pose barnebøker som kan brukast som gåver. Velg ekstra fine utgåver til dei minste!
Heimestrikk/heimesydd

Om du kan sy eller strikke, er nesten ingenting finare enn ei heimelaga gåve. Og klisjeen med kjærleik i kvar maske stemmer jo på eit vis. Om du er usikker på fargar og stil, så spør gjerne foreldra om kva dei liker før du set i gang med strikkinga, slik at du ikkje gjer mykje jobb til liten nytte. Gå eventuelt for klassiske plagg i fargar som kvitt eller grått, som passer til alt.
Gamalt barneservise
Eg synst gamle porselenskoppar og fat med barnemotiv er heilt totalt uimotståeleg. Finst ofte å få kjøpt på både loppis, bruktbutikkar og på Finn, og er fulle av sjel og personlegheit. Søk for eksempel etter “barneservise” på Finn, så dukker det opp masse fint!
Oppgradert gjenbruk

Har du ein haug med gulpeklutar frå då du sjølv hadde baby? Kanskje har dei eit par gule flekkar, men er elles like fine (og enda mjukare enn då du kjøpte dei, sidan dei har blitt vaska og godt slitt – og er akkurat så deilige som babyen liker dei)? Kjøp ein fin tekstilfarge, og ta ein kjapp fargerunde i vaskemaskina, og så har du ei personleg, fin og nyttig gåve. Babyleikar som eigne barn har vokst ifrå (treleikar, rangler osv) er ofte akkurat like fine som då du kjøpte dei, og blir alltid satt pris på. Pakk dei inn i silkepapir med fin sløyfe, så kjem ingen til å bry seg om at dei ikkje har butikk-emballasje. Og vintage barneleikar (som dei gamle toga på bildet over) er i alle fall eg superglad i. Finn du slike på loppis, så slå til, og legg dei i ei gåvekasse i påvente av nye, små eigarar.
Kva liker du å gi i barselgåve? Føler du at du må kjøpe nytt, eller går det fint med gjenbruk?
2 COMMENTS
Marit
2 år agoSå fine tips! Takk 🙂 jeg har aldri gitt brukt barselgave før, men det skal jeg jammen gjøre! Jeg kjøpte imidlertid en «brukt» men omtrent helt ubrukt sekk på tise til min søsters bursdag 🙂 hun ønsket seg en sånn, men visste den var litt for dyr. Så jeg spurte henne om hun kunne tenke seg en fra tise – hun sa selvfølgelig JA og fikk seg en kjempefin gave!
Ingvild
2 år ago AUTHORÅ kjøpe brukt sekk på Tise er jo genialt! Så lurt!