Personleg

10 ting eg liker no

  • Hagen akkurat no. Gule solsikker, solhatt i rosa, kvitt og oransje. Rosa ryllik og lavendel som lukter heilt fantastisk.
Serviset Viola frå Stavangerflint
  • Dette serviset, som eg fann på bruktbutikk i Drøbak siste ferieveka. Eg har hatt ein einsleg kopp i det som eg kjøpte på loppis for mange år sidan, og den har vore min favoritt lenge. Då eg kom over fleire, var det heilt umuleg å ikkje kjøpe.
Nokre favorittar frå kapselgarderoben.
  • At eg endeleg har rydda skap og skuffer og laga kapselgarderobe. Beste eg har gjort for påkledningsrutinane mine på årevis!
  • At rutinene i kvardagen begynner å komme på plass igjen. Kvardagen har jo sin sjarm, den også.
Hei, fantastisk hus!
  • At det er skikkelig varmt i sjøen ved stranda vår no, og at vi framleis kan bade på ettermiddagane.
  • At eg har fått skikkelig fot for shoppestopp-ideen, og muuuligens går for shoppestopp heilt fram til nyttår. Mulig å gjennomføre?
  • Å lage plantebabyar av stiklingar. Har plutseleg ei heil rekke med småplanter på kjøkkenet.
  • Å få strikke på båten på veg til jobb igjen. Kvardagspause!

«

»

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *