Personleg

10 ting eg liker no

Frå kontoret. Følelsen av å krysse ting av to do-lita er ekstremt tilfredstillande.
  • At eg har hatt ei lita veke med jobbing innimellom ferievekene mine. Då får eg ting kryssa vekk frå to do-lista, og kan ta ferie med god samvittighet etterpå.
I stolen tett inntil skjærsmin-hekken kan eg lukke augo og berre dra inn lukta av sommar.
  • At skjærsminen blomstrar heime. Lukter så godt!
  • Rosévin. Sommar i eit glass.
  • Handmaid’s Tale. Vi sit benka kvar torsdag. Men no synst eg ærleg talt at tekstforfattarane må få litt lys inn i historia snart. Fleire som heier på opprør?
  • Jordbær frå plantekassen på verandaen.
Markjordbær. Ein liten smak av himmelen.
  • For ikkje å snakke om markjordbær. Korleis kan noko som er så lite smake så mykje?
Lesing på stranda. I typ 2 minutt. Som småbarnsforeldre må ein ta imot dei pausene livet gir med opne armar.
  • At eg bada i fjorden i kveld for å feire starten på 4 veker med sommarferie.
Joda, det er meg. Under det plasket der.
  • Podkasten Brevet. Første episode kjem i Fabel (der eg jobbar) 15.juli. Dei siste dagane har eg hørt meg gjennom dei første episodane på jobb, og har begynt å gråte fleire gongar. (Bekymra kolleger trur nokon har dødd 🙈)
  • At bloggen blir lest. Blir så glad av å kikke på besøkstalla, og på alle fine tilbakemeldingar på Insta. Men legg gjerne igjen ein kommentar her på bloggen også, for då blir eg veldig glad!

Har du noko du synst er ekstra fint akkurat no? Eller noko du gler deg til? Del gjerne!

«

»

what do you think?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *