10 ting eg liker no

- Minihaustferien eg og 7-åringen var på ved Sognefjorden i helga. Der var det haustfargebonanza i fjellet, og det blei masse tid til brettspill, teikning, prat og hytteoppvask, og ikkje minst allsang for full hals til Sigrid i bilen på veg til og frå.
- Å legge seg tidleg i nyoppredd seng med lufta sengetøy, og bok og blomster på nattbordet. Ei kjøleg seng no som det har blitt kaldt ute på kvelden, kjennast skikkelig lyxig.

- Kjærasteturen vi skal på til Göteborg til helga. Gler meg både til togturen (strikketid!), hotellovernatting, god mat og tid saman.
- Denne boka som vi skal diskutere i boksirkelen på onsdag. Eg liker den veldig, veldig godt, og gler meg til å høyre kva tankar den har vekt hos dei andre.

- At eg endeleg fekk tid til å gå til frisøren og klippe meg forrige veke. Så deilig med kortare hår igjen!
- Å plante vårløkar i hausthagen, og sjå for seg kor fantastisk fint det blir når alt spretter opp av bakken og blomstrar i april og mai.

- Norske epler. Kjøpte ei heil kasse med crispy, raude Gravenstein-epler i Lærdal på veg heim frå haustferie, og må begrense meg så eg ikkje et opp alle på ein gong.

- Å jobbe med eit hemmeleg prosjekt for @heifredag/@hjartesmil som er skikkelig koselig. Fortel meir om det snart!
- Lydboka Przewalskis hest som eg nettopp er ferdig med. Den beste boka til no i Maja Lundes klimakvartett.

- Hespetreet eg kjøpte på loppis for eit par veker sidan. Endeleg får en nøsta opp hespene mine utan å bruke mannen min som oppheng.

Har du ein ting du synst er ekstra fin akkurat no? Del gjerne!
what do you think?